BANDMEDLEMMAR OG MISJONSVENER: Odd Martin Reilstad (22), Peter Tveita (21), Sebastian Haugland, Sunniva Muren (22), Sara Tveita (22), Sunnia Muren (22) og Sigrid Helene S. Reilstad.
Alice Tegle
Unge vener samla inn 105.000 til misjonen på to kveldar
– Unge kristne i dag er opptatt av at trua skal få konsekvensar for korleis dei lever, meiner forskar.
Det rykker diskret i danseføtene nedi benkeradene. Oppi taket dinglar juletrestjerna i takt med rytmane frå 16 instrument og seks musikarar på Kleppe bedehus.
Den andre av venegjengens totalt to julekonsertar i Oslo og Klepp er i gang.
Bak står ein venegjeng på åtte gutar og jenter tidleg i 20-åra.