BIBELVERS Solfrid Leinebø Seljås viser fram ein av kjolane som har Jesu ord til til dei små borna på det hekla beltet.

Utstilling av dåpskjolar fører fleire enn faste gudstenestegjengarar til kyrkja

Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås erfarer at kristen tru smeltar saman med livshistorier og lokalt handverk.

Publisert Sist oppdatert

For tredje året på rad har det denne påska vore utstilling av dåpskjolar i kyrkjestova i Herøy kyrkje på Sunnmøre.

– Vi har fått til eit kjempegodt samarbeid mellom soknerådet og Herøy sanitetsforeining, fortel Seljås til Dagen.

Gjennom påskehøgtida var det utstilling etter kvar gudsteneste, samt på ettermiddagen tysdag i den stille veka. Sanitetskvinnene stilte med vakter og hadde ei samling meir inspirert av Sjømannskyrkja sin profil.

Kyrkje- og kvinnehistorie

Målet er at dåpskjolane skal avspegle eit stort mangfald i stil og historie. Dei kan vere strikka, hekla, sydde, studerte og vevde.

– Somme er over hundre år gamle, andre er heilt nyhekla, seier soknepresten.

NYSKAPANDE: Fleire av kjolane har utradisjonelle fargar og design, til dømes desse i beige.

Ho syntest det var rørande å ta imot ein som var ferdig dagen før. Ei kvinne hadde laga den til sine framtidige barneborn.

– Dåpskjolane fortel kvinnehistorie, familiehistorie og kyrkjehistorie, seier Seljås.

Liten skil seg ut

Dåpskjolane er ofte prega av kristen symbolikk. I konfirmantundervisninga brukar soknepresten å leggje vekt på at dåpskjolen er sydd for stor fordi ein skal vekse i trua slik at han er passe lang på konfirmasjonsdagen.

Ein av kjolane i årets utstilling skilde seg likevel ut ved å vere påfallande liten. Denne er laga under andre verdskrigen.

– Kanskje hadde dei ikkje meir stoff, undrast Seljås.

Ho påpeikar også at dåpslua avspeglar «trushjelmen». Det er ein del av «Guds fulle rustning» som Paulus omtalar i Efesarbrevet.

SKIL SEG UT: Ein dåpskjole skil seg ut som påfallande liten. Ein annan har raudt belte, som presten ikkje har sett før.

Ein av dåpskjolane har eit band der ein kan lese Jesu ord: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje». Ein annan har raudt belte.

– Det var ei bestemor som fortalde at foreldra ville ha dette. Eg hadde aldri sett det før, seier presten.

Men ho synest det er fint å tenkje på at dette kan minne om Jesu blod.

Fekk diplom

Tradisjonelt er dåpskjolane laga til enten jente eller gut, men i årets utstilling var det med nokre der fargane går i grønt eller brunlege fargar, og som kan brukast av begge kjønn.

– Ein av kjolane har også fått diplom under Dyrsku´n på Seljord, fortel ho.

Diplomen vart hengt opp saman med kjolen.

Sydde om brudekjole

Somme av kjolane er svært forseggjorde, medan andre er heilt enkle.

– Ein av dei er laga av stoff frå ein brudekjole. Kreativiteten er heilt fantastisk, seier Seljås.

– Kva er tanken med å ha ei slik utstilling i kyrkja?

– Vi vil få fram historiene til kjolane, vise mangfaldet og vise at også dette er ein del av kyrkjelivet.

INKLUDERANDE: Sokneprest Solfrid Leinebø Seljås synest utstillinga av dåpskjolar er ein fin måte å invitere folk inn i kyrkja.

Presten påpeikar også at den romslege arbeidskyrkja har gode fasilitetar for ei slik ustilling. Ho opplever at tiltaket har vekt mykje interesse og engasjement.

– Folk kjem fleire gonger for å sjå, fortel ho.

Samspel med lokalsamfunnet

Somme av dei som kjem, er sjeldnare å sjå i kyrkja under gudstenester.

– Det er mange måtar å vise at du høyrer til ei kyrkje. Ein måte kan vere å stille ut ein dåpskjole, seier Seljås.

Ho starta med slike utstillingar for mange år sidan medan ho var prest i Østfold. Etter kvart har ho sett at det også er andre som har gjort det andre stader.

– Eg er oppteken av samspelet mellom kyrkja og lokalsamfunnet. Dette er ein måte å samspele på som eg ser er god og rører ved mange.

– Går litt av seg sjølv

Etter kvart som utstillinga er blitt meir kjend, merkar ho at folk melder seg med kjolar.

– Dersom andre vil ta ideen, trur eg dei vil erfare at det etter kvart går litt av seg sjølv, seier ho, men noko av det viktigaste er å ha ein god samarbeidspartnar saman med soknerådet som planlegg og gjennomfører utstillinga.

– Det kan vere sanitetskvinnene eller bygdekvinnelaget eller sogelaget, alt etter kva som høver best der du er, legg ho til.

Powered by Labrador CMS