Meir enn 100 menneske fylte bedehuset i helga.
Privat
Vekkinga i Vats held fram: - Folk ville ikkje gå heim
– Kvar kveld har menneske gitt livet sitt til Jesus. Det er derfor vi gjer dette, seier Hans Martin Skagestad som talte under møtehelga i Vats.
Denne helga var det ny møtehelg i Arken bedehus i Vats.
Sist gong var bedehuset i den vesle vestlandsbygda i Rogaland fylt til randen. I løpet av tre møtehelger på nyåret vart besøkstala nesten tredobla, 22 personar skal ha kome til tru og fleire kristne fått «ny giv».
Denne helga var talarane Hans Martin Skagestad og Arthur Robertsen tilbake med sine «trauste» bedehussongar, vitnesbyrd og bodskap som alltid avrundast med ein invitasjon til frelse.