BØNN: Håkon Fagervik har lang erfaring som evangelist.
Privat
Ver uthaldande i bønn, seier Jesus. Håkon har halde på i 60 år
– Gud har lova at lønna for uthalden bønn er at han vil gripe inn, seier evangelisten Håkon Fagervik.
Han var 16 år då han fekk ei sterk erfaring som skulle sette ei ny retning for livet.
På eit bønnemøte i Bodø for rundt 60 år sidan opplevde Fagervik at Gud kalla han til å bli evangelist. Sidan den gong har han reist rundt i landet og forkynt.
Men eitt kall har alltid vore viktigare for han, nemleg å be.